Scrollfolio

Martin og Andreas-Johann vigslast 03.05.2013!
Bryllupet blir helde i København, på dagen sju år etter at vi vart saman. Rull/scroll nedover for meir!

Les meir! Andreas-Johann var generalsekretær i Hyperion N4F. Martin var generalsekretær i Elevorganisasjonen. Eit par frå kvar sin landsdel, med ulike interesser og bakgrunner - no er det vigsel på gang!

Historia før kjærleiken

Felles interesser
Dei er begge glad i å reise. Det har blitt mange reiser både til London og Italia, samt andre land innimellom. Dei mange reisene har gjeve Andreas-Johann og Martin høve til å utfolde interessa for vin og god mat.

Kor er dei no?
Martin er generalsekretær (sjef for sekretariatet) i Landsrådet for Norges borne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) medan Andreas-Johann er dagleg leiar i Unicorn Information Systems AS (Unicornis), eit kundeeigd selskap som utvikler programvare for frivillige organisasjonar.

Her legg vi inn tekst om Martin og Andreas-Johann frå før dei blei saman.

Andreas-Johann er fødd i 1981 som sonen av Andreas og Åse med søstra May Britt. Som son av skipparen på M/S Øybard vaks han opp først på Valderøya utanfor Ålesund og deretter i Sandefjord.

I Sandefjord fann Andreas-Johann interessa for data, og skipa etter kvart datatreffet Polar, no ein organisasjon med over 1.000 medlemmer, og eiga IT-firma som framleis puslar med ting. Han vart aktiv i organisasjonen KANDU, kor han no er nestleiar med ansvar for medlemstilbodet for over 7.000 medlemmer og var nokre år generalsekretær i den nasjonale ungdomsorganisasjonen Hyperion N4F.

Martin er fødd i 1986 som sonen av Steinar og Doris med syskna Henrik og Kristine. Han vaks opp på Hammeren i Mo i Rana før han flytta til Oslo for å vere frivillig i Sentralstyret til Elevorganisasjonen, kor han seinare blei generalsekretær.

Martin var frå 2-års-alderen eit vekslevaksent born, og var meir oppteken av dei vaksne enn andre born. Han fatta tidleg ei interesse for politikk. Politikken tok han etterkvart til Oslo der det sidan har blitt litt studier og no fast jobb som generalsekretær i Landsrådet for norges barne- og ungdomsorganisasjoner.

Om brudeparet

2006 - Barne- og Ungdomstinget
Martin reiser på vegne av Elevorganisasjonen, og på plassen foran han sit Andreas-Johann, på vegne av Hyperion N4F. Dei er totalt usamd om alle politiske og organisatoriske sakar, og det ender med eit "irritert!!"-innlegg på nett, som Martin legg merke til.. litt seinare er dei saman.

2007 - Sambuarar!
Begge bor hos den andre i perioder mellam flytting, og til slutt leiger dei leigenheit saman i Nedre vaskegang. Året etter kjøper dei leigenheit i Sigurdsgate 16 på Tøyen.

2011 - Trulovnad
Under besøk til London blir paret trulova!

2013 - Vigsling! i København!

Bryllupshelga i København

    Forlovarar

    Andreas-Johann sin forlovar er Svein Terje Steffensen, Martin sin forlovar er Henrik Vonstad Østerdal.

    Talar i bryllupet

    Talar er tradisjon i bryllup, og vi forstår godt at noko føler seg kalla til å seie nokre ord. Vi skal dog vere på restaurant, og det er behov for å bli samde om eit tidsskjema med servitørane. Vi ber difor alle som ynskjer å seie nokre ord om at dei, om mogleg, å førehandsmelde dette til toastmastar. Sjå på kontaktsida for namn og kontaktinfo.

Eit bryllup handlar om brudeparet, men handlar og om å bringe saman to slekter.

Sidan ikkje alle kjenner kvarandre på førehand, planlegg vi aktivitetar og hendinger for alle som ynskjer dagen før og dagen etter bryllupet.

Ynskjeliste
Lista er klar, trykk på toppen!

Svein Terje koordinerer gåver ved behov, til dømes retur (han køyrer bil tilbake til Oslo, så den delen ordnar seg lett).

Reise, overnatting og praktiske råd

Reise og overnatting
Vi bur på Ascot Hotel & Spa. Dette hotellet er rett ved Tivoli, ganske sentrumsnært utan å vere veldig dyrt i klassa. Ved å referere til Nicolai Hammer og Andreas-Johann Ulvestad bør du få desse prisane: Standard/superior enkeltværelse 895/995DKK. Standard/superior dobbeltværelse 1.100/1.180DKK. Apartment/Penthouse 1.420/1.795DKK. Prisane er per natt og er med frukost. Merk at det kan lønne seg å sjekke prisane på Hotels.com, vanleg rom/Hotels.com, leigenheit. Leigenheitene har soverom, kjøkken, bad og stue med ekstraseng på stua ved behov.

Det er fleire dyrare og billigare hotell i København. Blant anna har Danhostel veldig gode enkeltrom med bad nokre få kvartal frå Ascot. Omena Hotel og City Hotel Nebo ved Tivoli er billig og har godt rykte. Bruk gjerne hotels.com eller liknande for å finne gode prisar.

Norwegian har i skrivande stund billettar til 300kr begge vegar heile bryllupsveka, både frå Oslo og Trondheim. Ved reise til København er den enklaste måten å komme seg til sentrum på rett og slett å ta t-bana frå lufthamna.

Når er folk der?
Vi (brudeparet) kjem til å vere der frå tysdag av, og fleire andre har hinta om tilsvarande, for å ta ein liten ferie samstundes. Det blir ikkje lagt opp til noko planlagt opplegg før torsdag, men det er ikkje usannsynleg at dei som er der førre (og etter) torsdag-fredag møtast for lønsj/middag. Vi kjem til å sirkulere liste med kven som er ulike dagar slik at folk kan ta kontakt med kvarandre :-).

Reise i København
Drosje er ikkje dyrt i København, men billigare enn det er sjølvsagt kollektivtrafikk og sykkel (dei fleiste hotell låner ut dette). Vi foretrekk sjølv å gå når vi er i København, det er ein koseleg by å traske i og avstandane er ikkje valdsamt lange.

Ting å finne på
Wikitravel og Tripadvisor har mykje informasjon om byen og ting å finne på, frå gratis til dyrt. Byen har det meiste, og er kjend for både småkaker, marsipan, øl og sjølvsagt.. shopping!

Ynskjeliste

VIL DU UNNGÅ Å TA MED GÅVA PÅ FLYET/SKAL IKKJE DU TIL KØBENHAVN?

Alternativ 1 - Ikkje ta med gåve fysisk
Det er fullstendig mogleg å ikkje ta med gåve fysisk dersom det er upraktisk. Eit anna alternativ er då å pakke inn eit bilete av gåva eller liknande, og heller avtale med butikken at gåva er klar til henting i Oslo etter bryllupet.

Alternativ 2 - Gåvehenting i Oslo før bryllupet
Svein Terje Steffensen (telefon 958 50 995) kan hente gåver som er klare for henting i Oslo før bryllupet og eventuelt ta med desse til København (han køyrer bil). Tilbordsbutikk: Oslo City. Kitchnbutikk: Oslo City. Avtal på førehand :-).

Spørsmål?

Ta kontakt med Andreas-Johann, Martin.. eller begge to!

  • TELEFON
    Andreas-Johann: 917 54 579
    Martin: 994 33 242

  • E-POST
    brudeparet @ 0305.no (går til begge to)

    GÅVEKOORDINERING/-HEIMTRANSPORT
    Svein Terje Steffensen (tel 958 50 995) køyrer bil til og frå bryllupet blant anna for å forenkle gåvetransport. Han og Henrik Vonstad Østerdal (tel 948 74 114) kan gjerne hjelpe til med å koordinere eller svare på spørsmål ved behov.

    TOASTMASTAR/TALAR
    Inge Carlén (tel 924 14 010, e-post) er vår toastmastar for bryllupet! Det er hyggjeleg at ein del ynskjer å dele nokre ord i løpet av bryllupet, og Inge er mannen å ta kontakt med dersom du ynskjer ordet. Han hjelper gjerne til med innhald og koordinerar tidsplanen med restauranten. Inge har mykje erfaring med å halde talar, og hjelper gjerne om du står fast :-).